Klimadeklarasjon

Kva klimaavtrykk har straumen Bømlo Kraftnett leverer?
Kvart år bereknar NVE ein klimadeklarasjon for fysisk levert straum i Norge. Rapporten blir laga i ettertid og blir normalt publisert i juni for året før.
Berekninga tar omsyn til at me utvekslar straum med landa rundt oss og inkluderar klimagassutslepp frå importert straum. Metoden er forenkla, og tek ikkje omsyn til at ein normalt importerer når det er mykje vind eller sol og det er overskot av fornybar produksjon på kontinentet. Resultatet kan av berekninga kan difor bli meir negativt enn faktisk fysisk levert straum. Metoden avvik i tillegg frå det nasjonale utsleppsregnskapet som kun omfattar utslepp som skjer innan landets grenser.
Om ein ikkje kjøper opprinnelsesgaranti, kan ein rekne ut klimaavtrykket ved å bruke NVE si klimadeklarasjon for fysisk levert kraft. For 2025 er snittet av levert straum etter NVE si berekning 98,82% frå fornybare kjelder og berekna 9,4g Co2 pr. levert kilowatt time (kWh)
Sjå NVE sine sider om klimadeklarasjon (opnast i ny fane).
Bømlo Kraftnett sel ikkje opprinnelsesgaranti for vårt straumprodukt pliktleveranse. Straumen flyt kortaste veg og den kjem difor fysisk frå dei kraftverka eller solcellene som er nærast der ein brukar straumen. Det er imidlertid laga eit system der kraftleverandørane kan kjøpe sertifikat (opprinnelsesgaranti) som dokumenterer kva type straum ein kjøper og sel vidare. Bømlo Kraftnett kjøper ikkje slike sertifikat.
Sidan me ikkje kjøper opprinnelsesgaranti, er me pålagde å vise til NVE sin varedeklarasjon. Denne berekninga er ei teoretisk berekning basert på straum som det ikkje er kjøpt opprinnelsesgaranti for. Berekninga skjer i ettertid, og tala for fjoråret vert normalt publisert av NVE i juni.
